DJØNNE&BØRSHEIM
Djønne&Børsheim er ein folkemusikk/vise-duo med felespiller Annlaug Børsheim og toraderspelar Rannveig Djønne. Spor tek utgangspunkt i Ruth Lillegraven sine tekstar, til musikk av og med Annlaug Børsheim og Rannveig Djønne. Dei tre hardingane følgjer ulike musikalske og litterære spor i denne konsertframsyninga. Dette er ein trio det osar kvalitet av!
Djønne&Børsheim har spelt og komponert musikk saman i 15 år og turnert ulike stader i Noreg og Europa. Repertoaret deira er i hovudsak eigen musikk og tekst med inspirasjon frå folkemusikk og Hardanger, ispedd viser og pop.
Hausten 2023 gav dei ut plata «Skyer av Perlemor», ei plate der inspirasjonen frå Hardanger er klar og tydeleg både i musikk og tekst. Hovudvekta av tekstane er skrivne av Ruth Lillegraven frå Granvin, henta frå hennar prisløna bøker «Urd» og «Sigd». Dei har båe jobba med tekstane til Lillegraven, seinast i musikkteateret «Husmann» der fleire av spora på plata er henta frå. Det meste av musikken på plata er laga av Djønne&Børsheim. Dette er duoen si andre plate, den fyrste kom i 2012 med tittelen «Toras Dans – Populærmusikk frå Hardanger».
- Billetter
- Billett + LPNOK 581,500
- BillettNOK 424,000